Steinparken i Rosendal
Steinparken er alltid ope – gratis inngang.
Steinparken ligg attmed Vangssago, ved Mehlselva i Rosendal. Gå eller kjøyr frå Skålagato mot Baroniet. Rett før brua over elva ser du steinen og skilt til Steinparken.
Steinparken er ein del av den naturfaglege formidlinga ved Folgefonna nasjonalparksenter. Parken er utforma av RosendalStiftinga i samarbeid med geologane Johan Naterstad og Øystein J. Jansen, Torgeir Garmo, Haakon Fossen, skulptør Bård Breivik, steinhoggar Rolf Karlsen og Torkjell Nerhus. Han er realisert med støtte frå Kvinnherad kommune, Hordaland fylkeskommune, Direktoratet for naturforvalting, Landsforeninga for folkehelse, og frå private.